Dette er Beijings OL-slagord

Les hele artikkelen

«Saman for ei delt framtid» blir mottoet til vinter-OL i Beijing neste år. Det vart lansert i den kinesiske hovudstaden fredag.
Ifølgje den lokale organisasjonskomiteen vart frasen vald frå eit utval på 79 forslag frå det mest kjende universitetet i Kina.
– Ikkje berre omfamnar det konseptet om å dele, men det speglar òg situasjonen i verda med ein global pandemi og ambisjonar alle land har om å komme saman for ei betre framtid, seier seremonidirektør Chen Ning.
Opningsseremonien blir 4. februar. Beijing blir første vertsbyen som arrangerer leikane både sommar og vinter. I 2008 hadde den kinesiske hovudstaden ansvaret for sommar-OL.