Uttaka til onsdagens lagsprint i ski-VM er no klare. Desse går for Norge:
Lotta Udnes Weng og Kristine Stavås Skistad.
Erik Valnes og Johannes Høsflot Klæbo.
Weng og Valnes går ut først, medan Skistad og Klæbo går sisteetappane.
– Det er to løparar som har vore gode sprintarar i år. Lotta har gode uthaldsgen i seg som eg trur kan gjere seg godt på ein førsteetappe, og Kristine har jo avslutningseigenskapane, seier trenar Sjur Ole Svarstad til NRK om uttaket for damene.
Han legg til at Norge sitt mål er å kjempe om medaljar.
– Vi kjem til å gå alt vi kan, og så er det ikkje tvil om at det bak Sverige er mange som skal kjempe om medaljar. Sverige er ganske stor gullfavoritt.
Svarstad legg ikkje skjul på at det var eit vanskeleg laguttak. Blant anna var det snakk om at Astrid Øyre Slind var aktuell for ein etappe.
– Det er ein total vi må sjå på. Det er ein distanseløpar som har gått her i dag, som vi kanskje vurderer som best for heilskapen ikkje går i morgon, seier trenaren.
Semifinalane i Granåsen startar klokka 11.00 onsdag, medan finalane startar 14.30.