Debut-siger for gamlekarane

Les hele artikkelen

Giorgio Chiellini (37) og Gareth Bale (33) fekk begge sine MLS-debutar for Los Angeles FC i 2-1-sigeren borte mot Nashville søndag.
Chiellini starta i gjestene sitt midtforsvar, og fekk spele ein time i sin Los Angeles-debut.
Den 37 år gamle stopparkjempa forlét Juventus etter førre sesong. Han spela 18 sesongar i den italienske storklubben, og vann blant anna ni seriegull.
Midtstopparen har også 117 kampar med det italienske flagget på brystet, men gav seg på landslaget i juni.
Gareth Bale kom på banen i det 71. speleminutt. Den femdoble meisterligavinnaren signerte for den amerikanske klubben tidlegare i juli etter høvesvis sju og åtte sesongar i Tottenham og Real Madrid.
Cristian Arango sende Los Angeles i leiinga etter 27 minutt, før Hany Mukhtar utlikna for Nashville frå straffemerket like før pause.
Like etter sidebytet avgjorde Jose Cifuentes kampen for Los Angeles.