De Jong kan skape Fair Play-trøbbel

Les hele artikkelen

Barcelona jobbar desperat for å få pengar inn i klubben og kan få store financialf fair play-problem dersom Frenkie de Jong ikkje blir seld.
Det skriv den katalanske avisa Mundo Deportivo.
Barcelona treng nemleg å frigjere lønnsposten for å oppfylle FFP-krava til den spanske ligaen.
Ifølge avisa vil eit sal av nederlendaren frigjere mellom 30–35 millionar euro (307-359 millionar kroner).
Rykta om at Manchester United ønskjer seg den nederlandske midtbanespelaren har florert i engelsk og internasjonal presse i fleire veker, og i slutten av juni melde mellom andre Sky Sports at overgangen var nær.
Trass i den økonomiske situasjonen i klubben uttalte Barcelona-president Joan Laporta onsdag førre veke at klubben ikkje hadde planar om selje den nederlandske midtbanespelaren.
De Jong skal også ha et ønskje om å fortsette i den katalanske storklubben.
FFP er økonomiske retningslinjer som skal hindre at klubbar brukar meir pengar enn dei tener.