Golden State Warriors-stjerne Stephen Curry leidde den regjerande NBA-meisteren til 123-109 over Los Angeles Lakers i sesongopninga tysdag.
Curry scora 33 poeng i kampen og sikra ein god start på sesongen med siger over LeBron James og hans lagkameratar. James og Anthony Davis bidrog med høvesvis 31 og 27 poeng, men kunne ikkje stoppe Warriors frå å vinne på heimebane i San Francisco
Jayson Tatum og Jaylen Brown bidrog med 35 poeng kvar då Boston Celtics slo Philadelphia 76ers med 126–117.
Tatum og Brown er Celtics’ aller største stjerner, og natt til onsdag norsk tid viste dei grønkledde frÃ¥ austkysten at dei kan bli Ã¥ rekne med ogsÃ¥ denne sesongen. I tillegg til Ã¥ score 35 poeng, bidrog Tatum med fire poenggjevande pasningar og fanga tolv returar.
Boston-laget tapte NBA-finalen for Warriors sist sesong, og er av mange rekna som ein tittelutfordrar også i år.
76ers-stjerna James Harden sette også 35 poeng, men det heldt ikkje for gjestene. Joel Embiid scora 26 poeng i kampen.