Arsenal har eit tøft utgangspunkt før returoppgjeret mot Newcastle i Ligacupen.
Det første semifinale-oppgjeret tapte Arsenal nemleg 2–0 på heimebane tysdag kveld.
Alexander Isak sende høgtflygande Newcastle i leiinga tidleg i første omgang, medan Anthony Gordon dobla leiinga tidleg i andre omgang.
Arsenal hadde ei rekkje store sjansar. Blant anna hamra Gabriel Martinelli ballen i stonga før pause, medan Kai Havertz ikkje fekk treff med hovudet (men skuldra) då han fekk ballen på sølvfat i 2. omgang. Men det ville seg ikkje for dei raudkledde denne kvelden.
Martin Ødegaard spelte heile kampen for Arsenal.
Returoppgjeret i Newcastle blir spelt 5. februar.
Tottenham Hotspur og Liverpool møtest i den andre semifinalen.