Covid på Beitostølen

Les hele artikkelen

Hele det ukrainske herrelandslaget i skiskyting er sett i isolasjon på Beitostølen etter at ein i laget testa positiv på covid-19. Det stadfestar presidenten i det ukrainske skiskyttarforbundet på nett, skriv langrenn.com.
De ukrainske skiskyttarane ligg for tida og trenar på Beitostølen. Ingen av nærkontaktane til laget har så langt testa positivt for covid-19, og førebels er det ingen som har symptom.
Alle involverte som har testa negativt held fram med samling og trening som planlagt på Beitostølen, men utan å ha nærkontakt med løparar eller støtteapparat frå andre nasjonar.
Det ukrainske herrelandslaget ventar å ta opp att trening som vanleg om cirka ein veke.