Symjaren Henrik Christiansen tok seg kontrollert vidare frå kvalifiseringa på 400 meter fri i symje-EM. Tomoe Zenimoto Hvas gjorde det same i butterfly.
Christiansen sym finale på distansen seinare tysdag, medan Hvas er klar for semifinale på 100 meter butterfly etter å ha sumt inn på 50,33.
Finaleplassen til Christiansen vart sikra med 3.40,85 i kvalifiseringa. Nordmannen vart nummer to i heatet sitt og hadde tredje beste tid totalt.
Markus Lie tok seg vidare til semifinale på 50 meter rygg med 23,93.