Carew-sak for retten i oktober

Les hele artikkelen

Oslo tingrett har sett av ni dagar til rettssaka mot den tidlegare fotballstjerna John Carew, melder VG. Han er tiltalt for skattesvik.
Carew risikerer vilkårslaus fengselsstraff i saka som skal opp for tingretten 18. til 28. oktober. Økokrim har tiltalt han for grov skattesvik av 5,4 millionar kroner.
Den mangeårige utanlandsproffen har vedgått skattesviket, men hevdar at han ikkje har handla med forsett. Det er Økokrim usamd i.