Cancelo klar for Bayern München

Les hele artikkelen

João Cancelo (28) går frå Manchester City til Bayern München på lån. Overgangen kunne den tyske storklubben bekrefte tysdag.
Backen har fått lite speletid denne sesongen og har ikkje fått tillit hjå Pep Guardiola.
Ifølgje Sky Sports skal det vere ein opsjon i avtalen som gjer at Bayern kan sikre seg Cancelo permanent for 61,5 millionar pund, noko som svarar til rundt 754 millionar norske kroner.
Bayern Münchens førsteval på høgrebacken Noussair Mazraoui er ute med skade og andrevalet Benjamin Pavard er mogleg på veit ut ettersom han er ønskja av Barcelona.