Canada med stø VM-kurs

Les hele artikkelen

Canada er i ferd med å sikre seg plass i fotball-VM for første gong sidan 1986. I toppkampen mot USA søndag kveld vann Canada 2–0.
Cyle Larin scora det første målet etter berre sju minutt, tidlegare Vålerenga-spelar Sam Adekugbe det andre på overtid.
Canada er utan tap på sine 10 spelte kampar, og har 22 poeng. USA held framleis andreplassen med 18, men kan blir forbigått av Mexico som møter Costa Rica i natt.
Dei tre beste av dei seks laga i finalerunden går direkte til VM, medan lag nummer fire går vidare til interkontinental kvalifisering.