Tomoe Hvas er klar for finale på 200 m butterfly i kortbane-EM i symjing i Abu Dhabi. Henrik Christiansen rauk ut i forsøka på 400 m fri.
Christiansen var først i aksjon i bassenget, og han greidde berre å bli nummer fire i sitt heat på 400 meter fri. Tida 3.42,03 heldt til ein 13.-plass på totallista. Sju symjarar gjekk vidare til finalen.
Men Hvas gjekk så vidt til finalen på 200 meter butterfly. Han klokka inn til 1.51,83 og åttandeplass totalt. Finalen går seinare i dag.
Seinare sto Hvas over forsøket på 200 meter medley.
Markus Lie blei slått ut i ein duell med franske Yohann Ndoye-Brouard om den siste semifinaleplassen på 100 meter rygg. Dei to fekk same tid (51,46) i kvalifiseringa og enda på delt 16.-plass samanlagt. I omsymjinga tapte Lie med 12 hundredeler.
På 100 meter bryst blei André Grindheim nummer 28. Han var i mål på 59,26.