Bronsevinnaren slepp operasjon

Les hele artikkelen

Oskar Marvik (25) slepp inngrep i menisken og eit langt avbrekk frå brytesporten. Han satsar for fullt mot europameisterskapet i mars.
Det fortel Marvik til VG og omtaler nyheita som «fantastisk». I helga vann han både NM-gull og kongepokal.
– No går eg for EM-gull, seier Oslo-brytaren.
Marvik har hatt eit utfordrande år. I januar fekk han ein sprekk i menisken i høgre kne. Han droppa ein operasjon i håp om å ta seg til Tokyo-OL, men koronasmitte øydela kvalifiseringssjansane.
Kneskaden forverra seg i sommar. Ei god behandling gjorde at Marvik blei klar til VM på heimebane i Oslo. Der sikra han Noregs einaste medalje ved å ta bronse i 130-kilosklassen.