Brettforbundet: Markering aktuelt

Les hele artikkelen

Ola Keul i Brettforbundet seier det er aktuelt å markere menneskerettssituasjonen i Kina i Beijing-OL. IOC godtek ikkje det i konkurranse og seremoniar.
Den siste tida har skipresident Erik Røste og idrettspresident Berit Kjøll teke avstand frå menneskerettsbrota i arrangørlandet Kina. Vinterleikane er 140 dagar unna.
Torsdag presenterte norsk idrett et nytt strategidokument som skal veilede hele norsk idrett i internasjonale spørsmål, blant annet om menneskerettigheter.
Det var forslaget frå Brettforbundet på tinget tidlegare i år som førte fram til dokumentet. Presidenten i forbundet, Ola Keul, seier til NTB at ein kan få sjå utøvarar markere seg, ikkje berre sportsleg, i Kina.
– Det er aktuelt. Landslaget har for eksempel møtt Amnesty for å få informasjon om menneskerettssituasjonen i Kina og moglege markeringar. Vi trur mest på krafta i felles markeringar på tvers av idrettar og vil samarbeide med andre, skriv Keul i ein e-post.