Snøbrettkøyraren Eva Samkova mister OL etter at ho braut begge anklane under ein verdscupkonkurranse i Austerrike i dag.
Samkova tok OL-gull i snøbrett-cross i Sotsji i 2014 og bronse i Pyeongchang fire år seinare. Ho har vore topprangert i verda i tre av dei siste fire åra.
Den tsjekkiske utøvaren var derfor blant favorittane i OL om berre to månader.