Jayson Tatum bidrog med 29 poeng og Jaylen Brown med 22 då Boston Celtics avgjorde sluttspelserien mot Brooklyn Nets med sin fjerde strake siger måndag.
Dermed blei 2008-meisteren Celtics første lag til å ta seg vidare frå 1. runde i årets NBA-sluttspel. Boston-laget vann 116–112 i den fjerde og avgjerande kampen.
Celtics er 2.-seeda i avdeling aust og vann enkelt i ein best av sju-serie mange hadde venta skulle bli vrien. Trass i Kevin Durants 39 poeng, ni assists og sju returar klarte ikkje Nets å hale sigeren i land på heimebane.
I kvartfinalen skal Celtics opp mot enten Milwaukee Bucks eller Chicago Bulls. Bucks leder 3–1 etter 119-95-siger på bortebane søndag.