Børstopp for Johnsen

Les hele artikkelen

Dennis Johnsen held fram med å imponere i den italienske toppserien i fotball. Nyleg blei han kalla inn til sin første landslagssamling, og på fredag blei han kåra til banas beste då hans Venezia møtte Cagliari i Serie A.
Italias største sportsavis Gazzetta dello Sport gav nordmannen ein sjuar på børsen, den høgaste karakteren, i kampen som enda 1–1.
– Johnsen sleppast laus, var avisas overskrift på spelarbørsen.
Det såg lenge ut til at det var Cagliari som skulle stikke av med alle poenga, men to minutt på overtid sørga 19-årige Gianluca Busio for poengdeling. Dermed står Johnsens Venezia med fem poeng på sju kampar etter opprykket til Italias øvste nivå, og ligg på ein 17.-plass.