Tidlegare Stabæk-trenar Bob Bradley (63) er ferdig i MLS-klubben Los Angeles FC, melder The Telegraph. Bradley fornyar ikkje kontrakten etter at klubben har hatt ein dårleg sesong. For første gong nådde dei ikkje sluttspelet, og blei også slått av byrival LA Galaxy.
Bradley trena Stabæk i 2014 og 2015. Han har også ei lang internasjonal merittliste, mellom anna som landslagssjef for USA og Egypt.
Han blei sjef for LAFC då klubben starta opp i 2018, og førte dei til Nord-Amerikas meisterligafinale i fjor.