Edvald Boasson Hagen får likevel delta i Tour de France, opplyser han sjølv til TV 2.
Laget hans, TotalEnergie, hadde opprinneleg plassert han som første reserve. Men ikkje lenge etter fekk han beskjed om at han likevel får vere med.
Laget har enno ikkje offentleggjort endringa av laget, og Boasson sjølv veit heller ikkje grunnen.