Boasson på femteplass

Les hele artikkelen

Belgiaren Wout Van Aert var sterkast av alle i spurten på den første etappen av sykkelrittet Critérium du Dauphiné. Edvald Boasson Hagen måtte gi tapt.
Rittet er svært viktig for Boasson Hagen, som kjempar om å bli ein del av TotalEnergies’ lag til Tour de France i juli. Critérium blir ofte sett på som ei oppvarming for laga fram mot Tour de France.
Han var godt med i spurten på den første etappen, men blei til slutt nokre nummer for liten for Van Aert, og blei nummer fem.
Det var likevel ei godkjend opning av nordmannen som syklar sin ellevte Critérium-utgåve i år. Berre Imanol Erviti (12) og Pierre Rolland med 13 har køyrt fleire. Boasson Hagen står med fem etappesigrar.
Franske Rémi Cavagna angrep 1,3 kilometer før mål, men han blei raskt tatt igjen. Deretter blei det spurtoppgjer.
Måndag skal ryttarane gjennom ei ny kupert etappe. Då skal dei gjennom 170 km frå Saint-Péray til Brives-Charensac.