Kristian Blummenfelt klarte målet sitt om å bli den første som greidde fulldistanse Ironman på under sju timar.
I Dresden i dag kom han i mål på 6 timar, 44 minutt og 26 sekund på distansen, som omfatta 3,8 km symjing, 180 km sykling og ein marationdistanse på 42.195 meter.
Hans gamle rekord frå i fjor var 7.21.12.
Blummenfelt kom litt skeivt ut med 48.21 minutt på symjinga, der han hadde skjema til 45 blank.
Men han tok det igjen på ein enorm sykkeletappe. Tre timar og 49 minutt brukte han på det, over 24 minutt raskare enn planen.
På det avsluttande maratonløpet sprang han etter skjema til 2.25. Det blei 2.30.50, men totalt knuste han sjutimarsgrensa med nesten eit kvarter.
– Det var tøft, men eg greidde det. Det har teke to år å planlegge dette og setje saman eit lag, sa han etter løpet.
Han sa at han hadde krampe etter 10 km av sykkeletappen.
– Eg kjende det verkeleg i løpet av syklinga. Men det har vore ei eventyrleg reise, sa bergensaren.
Han var likevel ikkje den einaste som imponerte søndag. Engelske Jon Skipper kom inn på 6.47.37.