Tidlegare FIFA-president Sepp Blatter seier at det var feil å tildele Qatar fotball-VM i 2022.
– Valet var dårleg. Fotball-VM er for stort for eit lite land som Qatar. Det var feil, og eg som FIFA-president var ansvarleg, seier Blatter til den sveitsiske avisa Tagesanzeiger.
Blatter var den som kunngjorde valet av Qatar på FIFA-kongressen i desember 2010, berre minutt etter at Russland var tildelt meisterskapet i 2018.
– Vi i eksekutivkomiteen var samde om å gå for Russland i 2018 og USA i 2022. Tanken var at om dei to stormaktene fekk to VM på rad, ville det ha fredsskapande effekt, sa Blatter.
– Men ei veke før tildelinga ringde Platini og sa han ville røyste for Qatar. Det blei avgjerande, sa Blatter.
Blatter fotel at han og Platini unngjekk kvarandre i tida etterpå, men at forholdet dei imellom no er godt.