Julie Blakstad forlèt Rosenborg og skal vere klar for spel i den engelske storklubben Manchester City.
Både TV 2 og Nidaros hevdar å ha kjelder på at klubbane er samde om ein overgang. Den norske landslagsspelaren skal òg vere overeins med City om dei personlege vilkåra.
Overgangsvindauget i den engelske superligaen for kvinner stengjer ved midnatt torsdag. Dermed er det knapt med tid på å få overgangen gjennom.
Blakstad skal førre veke ha vore på besøk hos Manchester-klubben. 20-åringen kom til Rosenborg i 2020. Ho hadde tidlegare spelt for Ottestad og Fart.
Den engelske storklubben ligg akkurat no på femteplass i ligaen.