Uno-X-ryttar Erlend Blikra blei femtemann i spurten på den andre etappen av sykkelrittet Tour de Langkawi onsdag. Han er nummer to samanlagt.
Colombianske Juan Sebastián Molano var sterkast av alle på dei siste meterane av den 178,9 kilometer lange etappen frå Kuala Klawang til Raub. UAE-ryttaren vann framfor australiaren Craig Wiggins.
Erlend Blikra fekk god hjelp av lagkamerat Stian Fredheim i posisjonskampen på dei siste kilometerane. Over målstreken var han nummer fem.
Måndag innleidde Blikra Tour de Langkawi med ein sterk andreplass på opningsetappen frå Kuala Pilah til Kuala Lumpur. Han er framleis nummer to i samandraget, åtte sekund bak den leiande kyprioten Gleb Syritsa. Han syklar for Astana.
Tour de Langkawi består av åtte etappar. Rittet avsluttast komande tysdag.