Den tyrkiske storklubben Besiktas har plassert Alexander Sørloth høgt på si ønskjeliste framfor overgangsvindauget i sommar.
Sørloth har ei høg stjerne i tyrkisk fotball frå tida i Trabzonspor. Der hadde den norske landslagsstjerna stor suksess. No håpar Besiktas å lokke trønderen tilbake til superligaen.
Sportsdirektør Ceyhun Kazan har stadfesta interessa for nordmannen i fleire intervju den siste tida.
– Kven ønsker seg ikkje Sørloth? Han har prøvd seg i fleire ligaer. Han er 27 år. Han hadde suksess her. Han har absolutt eit ønskje om å komme til Tyrkia, sa han til Ajansspor.
Til sportsavisa Fanatik gjekk Besiktas-toppen enda lenger.
– Leipzig har offisielt informert oss om at dei berre er interessert i å selje spelaren. Dersom dei ville låne han ut, hadde vi vore i mål med overgangen no, er Kazan sitert på der.
Sørloth er lånt ut frå Leipzig til Real Sociedad. Den spanske klubben har ein opsjon på å signere nordmannen på ei permanent kontrakt etter sesongslutt.