Ber om stans i Premier League

Les hele artikkelen

Brentford-manager Thomas Frank ber Premier League-toppane utsetje alle kampar kommande helg for å vinne tilbake kontrollen over smittespreiinga i ligaen.
Ved inngangen til det uhyre travle juleprogrammet rår det noko som liknar smittekaos i den engelske toppdivisjonen i fotball. No skal fleire managerar vere innstilte på å ta tøffe grep i bruk.
– Ein må ha tett kontakt i fotball. Fysioterapeutane skal jobbe med spelarane, vi er saman i garderoben på kampdagane, vi reiser med buss. Dette kan vi ikkje gjere frå heimekontor, seier Frank.
Brentford er éin av mange klubbar som den siste tida har slite med mange smitta. Torsdag stadfesta manager Frank at det samla talet blant spelarar og støtteapparat oppe i 13.
– Smittetilfella går i taket i alle Premier League-klubbane. Alle slit med det og har trøbbel, sa Frank ifølgje Sky Sports.