Ein italiensk rugbyspelar er utestengd i tolv kampar etter at ho beit ein motspelar frå Japan under ein VM-kamp i New Zealand.
Hendinga fann stad i Auckland sist helg.
Det var rugby-VMs disiplinærkomité som tysdag bestemde straffa mot Sara Tounesi etter å ha høyrt versjonen til begge partar av hendinga og studert videoopptak.
Den italienske spelaren er utestengd frå resten av VM og går dermed glipp av kvartfinalen mot Frankrike laurdag.