Bayern München slått ut

Les hele artikkelen

Samuel Chukwuezes seine utlikning til 1-1 sende Villarreal til semifinalen i meisterligaen, og Bayern München ut av turneringa.
Bayern pressa nesten kontinuerleg heime i München, men sleit fælt med å utlikne Villarreals 1-0-leiing frå kampen i Spania. Det var gjestene som kontra seg til dei største sjansane før paus.
Men sju minutt etter pause sette toppscora Robert Lewandowski inn målet som heimepublikum venta på, og det stod 1-1 samanlagt.
Men det som såg ut til å bli ekstraomgangar, blei i staden avansment for dei gulkledde gjestene. Chukwueze avslutta ei nesten perfekt kontring med å sette ballen i nettet frå kort hald.
Villarreal heldt unna for eit enormt press, og kunne juble hemningslaust for semifinaleplass.