Det blir australsk-amerikansk kvinnefinale i Australian Open laurdag.
Verdseinar Ash Barty leika seg til finalen med 6-1, 6-3 over useeda Madison Keys i semifinalen torsdag.
Barty har enno ikkje tapt eit sett i turneringa. Ho har mista berre 21 games i seks kampar.
Ho er første australiar i ein Australian Open-finale sidan Lleyton Hewitt i 2005, og har sjansen til Ã¥ bli den første heime-vinnaren sidan Chris O’Neill i 1978.
I finalen møter Barty Danielle Collins. Ho gjorde også kort prosess med sin motstandar, sjuande-rangerte Iga Swalek, og vann 6-4, 6-1.