Barca-tap sikra nesten tittelen for Real

Les hele artikkelen

Barcelona gjekk på endå ein stjernesmell på heimebane med 0-1 mot Rayo Vallecano søndag kveld. Det betyr at Real Madrid er minst 99 prosent sikker på å vinne La Liga denne sesongen.
Alvaro Garcia scora for Rayo allereie etter sju minutt, og Barcelona greidde ikkje å svare, trass 13 tilleggsminutt i kampen.
Med fem kampar att leier Real Madrid med 15 poeng, og treng berre eitt poeng på sine siste kampar for å sikre sitt 35. seriemeisterskap.