– «Bakvaskelse» av fotball-VM

Les hele artikkelen

– Qatar har møtt ein kritikk utan sidestykke sidan vi blei valde som vertskap for fotball-VM 2022. Ein del av dette har vore rein bakvasking, sa sjeik Tamim bin Hamad al-Thani i ein TV-tale tysdag.
Qatar har hausta stadig aukande kritikk sidan tildelinga i 2010. Spesielt har Qatars handsaming av gjestearbeidarar og rettane deira blitt sterkt kritisert.
Det imøtegår emiren.
– Vi handterte situasjonen i god tru frå starten av. Vi såg på ein del av kritikken som positiv og konstruktiv, sa han.
– Men det ser ut til at kampanjen held fram, blir utvida og inneheld dobbelmoral, sa emiren.
VM i Qatar opnar 20. november.