Både FIFA og det australske fotballforbundet avviser meldingane om at det skal vere aktuelt å flytte neste års fotball-VM for kvinner til fleire månader seinare på året, skriv Sydney Morning Herald.
Det var den franske sportsavisa L’Equipe som torsdag skreiv om tankane om flyttinga. Årsaka skal vere at den europeiske tv-interessa for meisterskapet er langt mindre enn venta, mindre enn ved VM i Frankrike i 2019.
Ei av årsakene skal vere at august er i den vanlegaste ferietida for mange europeiske land.
Derfor skal FIFA ha vore i kontakt med fleire europeiske fotballforbund for å diskutere ei flytting, skriv den franske avisa.
VM i Austrlia og New Zealand skal etter planen gå frå 20. juli til 20. august, som er vinterstid i dei to landa. Ei flytting til seinare på året vil derfor gi lengre dagar og betre sjansar til å utnytte dagslyset, er eitt av argumenta.
– Men flytting er uaktuelt. VM skal ha avspark i juli 2023, skriv Football Australia til nyheitsbyrået AFP.
Det er det første kvinne-VM med 32 lag. Kampane vil gå tidleg om morgonen og på føremiddagen i Europa.