Australia til VM på straffer

Les hele artikkelen

Australia blei det nest siste laget som kvalifiserte seg til fotball-VM i Qatar etter å ha slått Peru 5-4 i den interkontinentale finalen.
Det stod 0-0 etter 120 minutts spel på stadion i Doha. Og det stod 4-4 etter at laga hadde teke fem straffer kvar.
Awer Mabil scora på Australias sjette forsøk, og deretter redda Andrew Redmayne skotet frå Alex Valera for Peru. Redmayne var bytta inn før straffesparkkonkurransen.
Dermed er Australia klar for sitt sjette fotball-VM, og sitt femte på rad.
Tysdag skal New Zealand og Costa Rica møtest til kamp om den 32. og siste plassen i VM, som opnar 21. november.