Asia-leikane som skulle vore arrangert i Hangzhou i Kina frå 10. til 25 september, er utsette på ubestemt tid, melder kinesiske media. Dei siterer Asias olympiske råd..
Det er ikkje gitt nokon grunn for utsetjinga. Men Kina er inne i ein ny runde med kamp mot Covid-smitte, og har gjeninnført strenge restriksjonar.
Asia-leikane er eit multisportsarrangement, som blir avvikla kvart fjerde år, nærmast som eit OL for landa i verdsdelen. Årets utgåve skulle vore den 19. i rekka.