Arsenal gjorde jobben – Ødegaard med målgivande

Les hele artikkelen

Arsenal var nøydd til å vinne for å halde liv i det ørlite ligagull-håpet.
Mot Ipswich fekk dei små problem, då dei vann 4–0.
Det tok knappe femten minutt før Leandro Trossard sende bortelaget opp i leiinga. Nest sist på ballen var Martin Ødegaard.
Før det var gått ein halvtime la Gabriel Martinelli på til 2–0.
Vondt blei til verre for nedrykkstrua Ipswich da Leif Davis fekk raudt kort etter ein stygg takling på Bukayo Saka i første omgang.
Trossard blei tomålsscorar i andre omgang og like før slutt scora ungguten Ethan Nwaneri.
Med fem kampar igjen å spele for Arsenal har dei 10 poeng opp til Liverpool. Ligaleiaren spelar mot Leicester seinare på sundag.
Andre resultat i Premier League sundag:
Manchester United – Wolverhampton 0–1
Fulham – Chelsea 1–2