Eivind Henriksen leverte bestenotering for sesongen med eit sleggekast på 77,94 meter i fredagens friidrettsstemne i polske Bydgoszcz.
Sølvvinnaren frå Tokyo-OL gjorde årsbeste i sitt andre forsøk. Prestasjonen heldt til ein femteplass. Wojciech Nowicki vann på heimebane med eit kast på 80,28.
Henriksen sette norsk rekord tre gonger då han i fjor tok OL-sølvet på 81,58.
På løpebana blei Line Kloster trear på 400 meter hekk i Bydgoszcz. Ho klokka inn til 55,76. Sist helg greidde ho sesongbeste med 54,99 i Belgia.
Vladimir Vukicevic kom aldri til mål på 110 meter hekk i fredagens stemne.