Fernando Alonso vart i Formel 1-løpet i Singapore søndag føraren med flest startar i sportens historie. Han starta i sitt løp nummer 350.
Spanjolen tok over Kimi Räikkönens elleville rekord på 349.
– Rekord. Igjen. Gratulerer med ein utruleg prestasjon, skreiv Alonsos Formel 1-lag, Alpine, på Twitter.
Alonso debuterte i Formel 1-sirkuset heilt tilbake i 2001.41-Ã¥ringen har vorte verdsmeister to gonger (2005 og 2006) og har representert lag som Minardi, Renault, Ferrari, McLaren og Alpine.
Spanjolen fylte 41 år 29. juli, men meiner han ikkje har teke noko skade av tida som har gått.
Neste sesong overtek spanjolen Sebastian Vettels sete i Aston Martin. Laget har ikkje oppgitt kor lenge Alonsos kontrakt varer.