Favoritten Carlos Alcaraz levde farleg, men klarte langt om lenge å slå Jannik Sinner i kvartfinalen i US Open. Han vann 6-3, 6-7, 6-7, 7-5, 6-3.
Kampen varte i 5 timar og 15 minutt, og var slutt klokka 02.50 lokal tid, og fleire tusen tilskodarar heldt ut til siste slutt.
– Eg veit heilt ærleg ikkje korleis eg klarte det. Tenniskampen heldt eit veldig høgt nivå, seier Carlos Alcaraz til arrangøren etter kampen.
Alcaraz vann oppsktifsmessig og greit første sett med 6-3, men sÃ¥ kom problema. Han greidde ikkje Ã¥ riste av seg Sinner i i dei to neste sette. Begge gjekk til tiebreak, og Sinner vann begge – det tredje med 7-0.
Sinner opna også godt i fjerde sett og leia 2-0. Så tok Alcaraz til å slå tilbake, og han braut til 5-5 då Sinner skulle serve for sigeren. Sinner hadde også matchball i det gamet.
No var Alcaraz komen i siget, og braut på nytt til settsiger 7-5. I siste settet braut han til 5-3, og serva derette kampen i hamn.
Alcaraz møter Frances Tiafoe i semifinalen fredag, og kjempar mot Casper Ruud om å toppe verdsrankingen etter turneringa. Ruud og Alcaraz kan møtest i finalen søndag.