Den norske fotballspelaren Morten Thorsby får årets aktivist-pris frå spelarorganisasjonen Fifpro for arbeidet sitt for miljø og klima.
Thorsby har lenge vore kjend for klimaengasjementet sitt. Før årets Serie A-sesong symboliserte han dette ved å byte frå draktnummer 18 til 2.
Talet 2 refererer til Parisavtalens mål om å halde den globale oppvarminga under to grader. Han har det same draktnummeret på landslaget.
Onsdag fekk Thorsby prisen og 10.000 dollar som han skal bruke til å fortsetje klimakampen. Det svarer til 87.000 kroner etter dagens kurs.
– Det var veldig overraskande. Eg er sjølvsagt veldig glad for å vinne denne prisen. Eg er veldig stolt, og det gjer meg motivert for fortsetjinga, seier Thorsby.
Prisen heiter «Player Activism Award». I fjor var det Javiera Moreno som fekk prisen for innsatsen sin mot seksuelle overgrep og diskriminering i kvinnefotballen.