Adressa: Rosenborg-spelarane tek frivilleg lønskutt

Les hele artikkelen

Rosenborg-spelarane kuttar totalt ein million av eiga lønn, det skriv Adressa.
Rosenborg slit tungt økonomisk. No har spalargruppa sagt ja til å seie frå seg løn for å bidra til dei finansielle kutta som må gjerast.
Det bekrefter Markus Henriksen til Adresseavisen.
Han fortel til lokalavisa at den totale lønsreduksjonen spelargruppa har sagt ja til ligg på overkant av ein million kroner.
På eit allmøte tidligere denne veka vart det opplyst at økonomien til RBK er så gale at klubben må kutte personalkostnadar og seie opp tilsette.
– Dette er veldig alvorleg, og noko vi har jobba veldig hardt for å unngå. Men vi ser dessverre at det ikkje er nokon veg utanom, sa dagleg leiar i Rosenborg, Tore Børseth Berdal, til Adressa.
Rosenborg lid økonomisk av at klubben ikkje har spelt gruppespell i Europa sidan hausten 2019. Den har heller ikkje vunnet verken Eliteserien eller cupen dei siste fem sesongane.
Frå før er det kjent at RBK går inn i det komande overgangsvindaguet med ei føring om at spelarar må selgast før nye kjøpast inn. Klubben har tidlegare uttalt at likviditeten er utfordrande.
I alt skal lønnskostnadane ned med 7,5 millionar kroner.(NRK/ NTB)