Abramovitsj vil likevel ha lånet tilbake

Roman Abramovitsj’ sal av Chelsea kan kollapse fordi russaren likevel vil krevje tilbakebetalt eit lån han har gitt klubben, melder The Times.
Abramovitsj har lagt klubben ut for sal som konsekvens av at han er råka av sanksjonane mot Russland.
Han har sagt at han ikkje vil krevje inn lånet på 1,6 milliardar pund, rundt 18 milliardar kroner. – Det dreier seg ikkje om pengar, men om at eg er glad i idretten og klubben, sa han.
Fredag kunne avisa avsløre at eit USA-basert konsortium hadde sikra seg eksklusiv forhandlingsrett om å overta klubben, og at avtalen om salet var nesten klar.
Men no skal Abramovitsj vere i pengemangel etter at hans formue på kanaløya og skatteparadiset Jersey er frosne av britiske styresmakter. Derfor treng han pengar, og krev lånet tilbake.
Det kan få heile handelen til å havarere, ifølgje Aftonbladet.
Dermed kan framtida til London-klubben vere uviss. Chelsea er nekta kjøp og sal av spelarar, og også andre inntektsmogelegheiter så lenge Abramovitsj er eigar.