Kim André Aanestad Lund skal skyte på skive 1 i kongelaget etter at han skaut 249 i den innleiande skytinga på Landsskytterstemnet.
Han skaut niaren på det siste skotet ståande. På den avsluttande 10-skoten skaut han 100 poeng med fem innertiarar.
– No må eg legge meg ned på stovegolvet og trene omgang, smilte Lund til NRK då han fekk vite resultatet.
– Det er moro at ein kjenner på litt skikkeleg press igjen, sa skyttarkongen frå 2013.
Lund hadde 15 innertiarar, tre fleire enn Sindre Nordvik, som også nådde 249.
Desse 15 skal skyte på kongelaget på Landsskyttarstemnet onsdag:
Kim André Aannestad Lund, Jondalen (249); Sindre Nordvik, Løiten (249); Ole Magnus Bakken, Løiten (248); Tor Arnfinn Homme, Kristiansand og Omegn (247); Lise Margrethe Skivenesvåg, Åsane/Hordvik (247); Odd Arne Brekne, Lyngdal (247); Anne Ingebrog Sogn Øiom, Randsfjord (247); Rasmus Løberg, Flå (247); Runar Tveito, Lunde (247); Pål Øyvind Ørmen, Råde (246); Simon Kolstad Claussen, Høland/Bjørkelangen (246); Daniel Sørli, Urskog (246); Olve Grønås Birkeland, Haugesund og Sveio (246); Marianne Stigen, Rælingen (246); Lars Kristian Solheim, Vegårshei (246).