57 koronatilfelle i EM

Les hele artikkelen

Island er hittil siste nasjon ramma av koronasmitte under handball-EM for menn. 57 spelarar har testa positivt sidan første kampdag.
17 troppar har vorte ramma med eitt eller fleire tilfelle. I tillegg kjem cirka 25 tilfelle hos trenarar og leiarar.
Dansk TV2 har laga ei oversikt over smitten blant spelarane. Tyskland toppar med tolv. Polen er nummer to med ni. Begge desse laga er norske motstandarar i hovudrunden. Kroatia har òg ni tilfelle.
Island sende tre nøkkelspelarar i isolasjon onsdag kveld etter positive testar. Islendingane møter Danmark torsdag.
Sju lag, blant desse Noreg og tittelforsvarar Spania, er hittil ikkje ramma av smitte. Sverige har fått tre mann isolert den siste veka og Danmark éin.
Torsdag har EM vart i sju dagar. Meisterskapen held fram i halvanna veke til, med medaljekampar søndag neste veke.