Simen Guttormsen tangerte sin personlege rekord i stav då han svingte seg over 5,62 i kontinentaltourstemnet i Zagreb.
Guttormsen tok både 5,22, 5,42 og 5,52 i første forsøk. Han reiv ein gong på 5,62 før han greidde høgda i neste forsøk. Deretter reiv han tre gonger på 5,72. Han blei nummer seks i det sterke selskapet.