Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) kjem til å betale ut cirka 2,4 milliardar kroner i kompensasjon til klubbar med VM-spelarar.
Meisterskapen blir arrangert i Qatar i november og desember med 32 deltakarnasjonar.
Kvar spelar vil vere verd snautt 120.000 kroner i Fifa-støtte. Kompensasjonen vil slå inn for arbeidsgivarar dei to siste åra.
Totalbeløpet er det same som for VM-sluttspelet i Russland for vel fire år sidan. Då fekk 468 klubbar frå 63 land kompensasjon.