223 dopingdommar sidan 2003

Les hele artikkelen

Antidoping Norge har innhenta vel 55.000 dopingprøver sidan 2003. Totalt har dette ført til 223 dommar.
Det kom fram under eit seminar i Oslo onsdag. Tala vart lagt fram av forskingssjef Fredrik Lauritzen i Antidoping Norge.
Antidoping Norge fyller 20 år i juni 2023. Totalt har byrået henta inn 50.881 prøver gjennom 19 år. Det dreier seg i all hovudsak om norske utøvarar, men også utanlandske idrettsfolk i konkurransar i Noreg.
Dette har ført til 223 dopingdommar i perioden 2003 til 2022. 94 prosent av dommane kjem som følgje av positive dopingtestar.
Heile 96,4 prosent av dopingdommane er idømde menn.
26 prosent av dei dømde kjem inn under nemninga nasjonal topputøvar.
Dei såkalla meldepliktutøvarane (ypparste eliten) står for to prosent av dommane.