18 månader utestenging for fyllekøyring

Les hele artikkelen

Den koreanske skøytesprintaren Kim Min-seok (23) er utestengd frå idretten i 18 månader for å ha krasja med bil i fylla.
Han krasja inn i betongskiljet mellom køyrebana og fortauet då han køyrde tre lagkameratar heim att frå ein fest i treningssenteret utanfor Seoul, melder nyheitsbyrået Yonhap.
Kim tok bronse på 1500 meter i OL både i 2018 og i år, og tok også sølv i lagtempo i 2018.
Men utestenginga er over i god tid før OL i Cortina og Milano i 2026.
– Likevel kan ei så lang utestenging få følgjer for karrieren, seier Kim Seong-cheol, leiar i disiplinærkomiteen i forbundet.
Landslagstrenar Kim Jin-su blei i same saka utestengd i eitt år for «ikkje å ha passa på utøvarane sine godt nok».