Zambia og Marokko er klare for neste års fotball-VM for kvinner, etter å ha spela seg fram til semifinalene i Afrika-meisterskapet.
Zambia slo Senegal på straffer etter 1-1 i kvartfinalen, Marokko slo Botswana 2-1.
Dermed er 17 av 32 lag klare:
Australia (arrangør), New Zealand (arrangør), Spania, Frankrike, Sverige, Danmark, Japan, Sør-Korea, Kina, Filippinane, Vietnam, USA, Canada, Costa Rica, Jamaica, Zambia og Marokko.
Fem til blir klare i løpet av juli – to frÃ¥ Afrika og tre frÃ¥ Sør-Amerika. Dei sju siste frÃ¥ Europa blir klare i september og oktober.
Dei tre siste VM-plassane blir fylte i februar neste år. 10 lag skal møtest til ei interkontinental omspelturnering i New Zealand.
VM 2023 er det første for kvinner med 32 land, og går frå 20. juli til 20. august.