Frida Berger (17) sluttar seg til det norske verdscuplaget i hopprenna i Austerrike i helga.
Tenåringen er ein av fire utøvarar i landslagstrenar Christian Meyers tropp. Ho reiser til Hinzenbach saman med OL-trioen Silje Opseth, Anna Odine Strøm og Thea Minyan Bjørseth.
Internasjonalt har Berger erfaring frå kontinentalcupen og diverse FIS-renn. I desember fekk ho ein sjanse i verdscupen i Lillehammer, men då blei det stopp i kvalifiseringa. No får ho ein ny sjanse til å notere teljande renn på øvste nivå.
Det er lagkonkurranse i Hinzenbach fredag, og individuelle renn laurdag og søndag. Konkurransane blir generalprøve framfor Raw Air i Lillehammer og Oslo.