15 toppspelarar har søkt om å få delta i utbrytar-liga

Les hele artikkelen

Golfveteranen Phil Mickelson er ein av om lag 70 spelarar som har registrert seg for den saudiarabisk-funderte utbrytarligaen i golf.
Namna på dei 70 er ikkje kjende, men Mickelsons agent stadfestar at Mickelson er blant dei.
Den pengesterke turneringa har møtt motsand frå tradisjonsrike PGA, som er organisasjonen bak dagens turnering for dei beste golfarane i verda. PGA er redd den nye turneringa skal bli ein konkurrent med betre økonomi, og truar med å sanksjonere spelarane som deltek der.
Men ifølgje ein talsmann for den nye turneringa, LIV Golf, skal 15 av dei som er blant topp 100 på verdsrankingen, vere blant dei som har meldt si interesse, skriv Sports Illustrated.
LIV Golf skal ha si første turnering i London 9.-11. juni, veka før PGAs majorturnering US Championships. Der skal 48 spelarar starte.
Deretter følgjer sju andre turneringar dette året.